sports

VAR-drama då Manchester United klatra til tredjeplass på tabellen

Crystal Palace fekk ei draumeopning på Old Trafford då Maxence Lacroix stanga inn leiarmålet etter ein presis corner allereie i det fjerde speleminuttet. Etter pausen snudde det då Matheus Cunha vart spelt gjennom aleine med keeper i det 52. minutt. Målscorar Lacroix heldt akkurat for lenge på skuldra til brasilianaren og han fall inne i 16-meteren. Etter fleire minutt med VAR-sjekk endar dommar med straffe og raudt kort til franskmannen. Bruno Fernandes sette straffa sikkert i mål. Få minutt seinare fann Fernandes fram silkefoten. Inne i feltet fekk Benjamin Sesko sprunge seg fri og stanga ballen kontant i mål. Med ein mann meir held heimelaget stillinga kampen ut og vinn 2–1. Manchester United tek tre viktige poeng og klatrar opp på ein tredjeplass i Premier League. Jørgen Strand Larsen var eit uromoment før han vart bytta ut etter timen spelt. Crystal Palace ligg på ein 15. plass.

Read full story at NRK →